Annonse
Debatt

Utdanningsforbundet har både den gode læraren og overgriparen som sine medlemmer, skriv Arna Meisfjord. Ill.: Tone Lileng | post@tonelileng.no

«Eg saknar ein offensiv frå leiar Steffen Handal om korleis Utdanningsforbundet vil jobbe for å stanse desse overgrepa.»

Tradisjonelt har foreldre og samfunn hatt stor tillit til barnehagen og skolen. Det er ikkje grunnlag for denne tilliten utan at lærarane, skolen og samfunnet generelt tek eit krafttak for å førebyggje og avdekkje seksuelle overgrep mot barn. Lærarstanden og Utdanningsforbundet har ein jobb å gjere.

Del side


Annonse

Utdanningsnytt på Facebook!

Fagbladet Utdanning har sett søkelys på seksuelle overgrep mot barn i skole og barnehage. I Utdanning nr. 21/2016 blir det fortalt om læraren som misbrukte 20 elevar gjennom eit langt liv i skolen. Det blir fortalt om 74 lærarar som er involverte i saker som gjeld overgrep mot barn frå 2010–2016. På leiarplass skriv redaktør Knut Hovland: «Dette kan rett og slett ikke fortsette» (Se note 1 nederst i artikkelen).

 

"Vi må stanse dei seksuelle overgrepa mot barn."

 

Det kan ikkje halde fram slik. Det er på tide at alle gode krefter går i lag og tek desse problema på alvor. Vi må stanse dei seksuelle overgrepa mot barn. Vi må stanse dei i samfunnet generelt, og vi må stanse dei i skole og barnehage spesielt.

Tradisjonelt har foreldre og samfunn hatt stor tillit til barnehagen og skolen. Det er ikkje grunnlag for denne tilliten utan at lærarane, skolen og samfunnet generelt tek eit krafttak for å førebyggje og avdekkje seksuelle overgrep mot barn. Skal skole og barnehage kunne fortene tillit frå foreldre og samfunn, er det heilt avgjerande at lærarane går i spissen for det oppryddingsarbeidet som no må gjerast i eigen profesjon.

 

"Det er ikkje nok med ei etisk plattform på papir."

 

Det er ikkje nok med ei etisk plattform på papir. Det trengst eit målretta og hardt kunnskapsbasert arbeid for å få auge på problemet i eigen profesjon og for å finne relevante tiltak for å byggje ein etisk plattform av kunnskap inni oss sjølve som gjer at vi ser overgrepa og at vi har mot og vilje til å ta tak i det vi ser.

Empirien viser at menn er sterkt overrepresenterte i saker som gjeld vald og seksuelle overgrep mot barn i skole og barnehage. Dette er eit faktum som gjer det særleg utfordrande å gå inn i denne problematikken, ikkje minst på bakgrunn av at det er viktig å rekruttere fleire menn som lærarar i skole og barnehagen.

 

"Det er ingen menneskerett å vere lærar i skole eller barnehage, verken for kvinner eller menn."

 

Ikkje fordi «menn må få vise omsorg», slik kjernepunktet lett blir når problematikken seksuelle overgrep mot barn kjem på banen (Se note 2 nederst i artikkelen). Grunngjevinga må vere barna sine behov for eit allsidig og trygt læringsmiljø. Det er ingen menneskerett å vere lærar i skole eller barnehage, verken for kvinner eller menn.

Lovverket gjer eit forsøk på å skilje ut dei lærarane som absolutt ikkje får lov til å vise «omsorg» i barnehage og skole, gjennom å krevje politiattest. Men reportasjen i Utdanning viser til fulle at vi kan ikkje stanse seksuelle overgrep mot barn gjennom lovverket åleine.

 

Ei viktig utfordring er å ikkje lage eit skilje mellom «oss» og «dei» gjennom å demonisere overgriparen. Fordi overgriparen ter seg ikkje som ein demon. Tvert imot. Han er mest lik oss andre. Han er snill og omtenksam. Han er ein svært dyktig lærar. Han viser omsorg og engasjement for elevane.

Det er viktig å forstå at desse gode eigenskapane er heilt avgjerande for at han skal kunne oppnå tillit hos elevar, foreldre og kollegaer. Tillit frå barna må byggjast opp for at han skal kunne gjennomføre dei seksuelle overgrepa. Tilliten er nødvendig for at dei vaksne skal bli vaksinerte mot å forstå kva som faktisk skjer.

 

"Overgriparen og dei gode og kjekke lærarane har tvert imot mykje til felles som dyktige lærarar."

 

«Det eneste jeg har felles med overgriperen er kjønnet,» seier ein dyktig lærar til Utdanning (Se note 2 nederst i artikkelen). Denne haldninga og dette synspunktet er det heilt avgjerande å problematisere, dersom vi skal kunne førebyggje og stanse overgrepa. Overgriparen og dei gode og kjekke lærarane har tvert imot mykje til felles som dyktige lærarar.

 

I reportasjen i Utdanning om læraren som hadde forgripe seg på om lag 20 gutar gjennom 35 år, kom dette poenget svært godt fram (Se note 1 nederst i artikkelen):

– Foreldra skjøna ingen ting, fordi dei likte læraren så godt! Han var rett og slett ein likande kar! Foreldra var beintfram stolte av at deira barn fekk vere med denne framifrå læraren på tur.

– Kollegaene såg den dyktige læraren og respekterte han fullt ut for det. Det spørjande og kritiske blikket var ikkje der.

– Rektor, skolesjef og andre skolefaglege ansvarlege verdsette den dyktige læraren. Enkelte hadde nok høyrd rykte, men dei gode skolefaglege tilbakemeldingane var så sterke og vog så tungt at all tvil om læraren sine kvalitetar vart sett til sides.

Fordi foreldre, kollegaer, så vel som skolefaglege ansvarlege på alle nivå i kommunen ikkje kunne tru eller forstå at ein overgripar kunne vere så dyktig, så hyggeleg, så engasjert og kraftfull i jobben sin, kunne dei heller ikkje ta på alvor dei forteljingane om overgrep som dei etter kvart fekk melding om.

Dette poenget er det nødvendig å forstå om vi skal kunne stanse dei seksuelle overgrepa mot barn. Men for å kunne forstå, må vi ha solid kunnskap om problemfeltet seksuelle overgrep mot barn. 

 

Inga Marte Thorkildsen si bok, «Du ser det ikke før du tror det» (Se note 3 nederst i artikkelen), illustrerer dette poenget. Ho kallar boka eit kampskrift for barn sine rettar. Ho viser den lange og tunge vegen vi har gått for å få på plass det juridiske rettsvernet som barn i dag har.

Det har kosta blod, sveitte og tårer, bokstaveleg tala. Framfor alt for dei offer som har våga å stå fram med sin smerte for at du og eg skal sjå, forstå og tru på dei.

For det er så vanskeleg for desse barna å bli trudd. Fordi foreldre, kollegaer, politi og andre maktpersonar ikkje kan førestille seg at denne dyktige og kjekke læraren faktisk er ein overgripar.

Her kjem ofte rettsstellet òg til kort, og ei frifinning av overgriparen blir eit nytt overgrep. Fordi overgrepet skal kunne bevisast ut over ein kvar tvil.

Denne dyktige og sympatiske læraren sørgjer sjølvsagt for at det aldri er vitne til stades når overgrepa går føre seg.

 

"Barnet blir uroleg, aggressivt, skulkar skolen og får kanskje til slutt diagnosen ADHD."

 

Barnet blir ståande åleine, utan dei rette orda til å forklare kva som har skjedd. Barnet blir uroleg, aggressivt, skulkar skolen og får kanskje til slutt diagnosen ADHD.

Kven trur dei vaksne på? Ein kjekk lærar eller ein vanskeleg elev?

 

I NOU 2003:31: «Retten til et liv uten vold», blir det «primærførebyggande arbeidet» understreka som metode for å førebyggje vald og seksuelle overgrep (Se note 4 nederst i artikkelen). Det primærførebyggande arbeidet handlar om å løfte det generelle kunnskapsnivået i samfunnet slik at dei vaksne har eit fundament for å sjå og forstå korleis barn reagerer på seksuelle overgrep.

Vaksne må kjenne det lovverket som skal verne barn, og dei må forstå sitt ansvar og si plikt til å hindra overgrep.

Alle som jobbar med barn, må kjenne den viktigaste «kanon» av lovar, forsking og fakta om seksuelle overgrep. Det er rett og slett ikkje lov lenger å ikkje vite!

 

"Barnehage og skole har eit lovfesta ansvar for å jobbe med desse problemstillingane."

 

Det førebyggjande arbeidet handlar òg om at barn skal kjenne sine rettar, barn skal få eit språk som gjer det mogleg for dei å sette ord på overgrep, og dei skal få vite at det aldri, aldri er deira skyld når overgrep skjer. Barn tek på seg skyld og skam, og det hindrar dei i å melde frå om overgrep.

Barnehage og skole har eit lovfesta ansvar for å jobbe med desse problemstillingane. Kommunane og fylkeskommunane har som skoleeigarar eit ansvar for å kvalifisere lærarane etter kvart som det kjem ny kunnskap og innsikt om utfordringane på feltet. Kommunane treng tverrfaglege team med høg kompetanse på dette feltet som kan rettleie og samarbeide med skole og barnehage for å stanse overgrepa.

Lærarutdanninga må leggje bort «strategien med dagskurs» og få på plass ei skikkeleg skolering av komande lærarar.

Det var eit viktig framsteg i det førebyggjande arbeidet å krevje politiattest for lærarstudentar. Det er likevel naivt å tru at politiattest i seg sjølv kan hindre overgrep mot barn.

 

"... endå viktigare er det at lovverket blir bruka aktivt til å førebyggje, for å hindre overgrep."

 

Lovverket har ei viktig oppgåve i å straffe der overgrep har skjedd. Men endå viktigare er det at lovverket blir bruka aktivt til å førebyggje, for å hindre overgrep. 

Skal vi kome vidare i det primærførebyggande arbeidet, er det etter mitt syn nødvendig at lærarstanden og Utdanningsforbundet tek sitt ansvar på største alvor. Det er ikkje nok å vise til ein etisk plattform.

Som medlem i Utdanningsforbundet og som tidlegare tillitsvald i Norsk Lærarlag, saknar eg ein offensiv frå leiar Steffen Handal, ein offensiv som handlar om korleis Utdanningsforbundet som fagorganisasjon vil jobbe for å stanse desse overgrepa (Se note 1 nederst i artikkelen).

Lærarstanden har ein stolt tradisjon i å kjempe for barn sine rettar, for ein barnevenleg skole og for pedagogisk utviklingsarbeid til beste for barn, for vekst og utvikling (Se note 5 nederst i artikkelen).

 

"Utdanningsforbundet kan gjere ein forskjell."

 

Utdanningsforbundet kan gjere ein forskjell. Utdanningsforbundet kan ta leiarskap i den dugnaden som vi no må få til for å stanse seksuelle overgrep mot barn i skole og barnehage.

Sentralstyret i Utdanningsforbundet må sette saka på dagsorden med målsetting om å lage ein handlingsplan for forbundet som har som mål og meining: «Seksuelle overgrep mot barn i skole og barnehage skal stansast!».

 

Sentralt i ein slik handlingsplan vil vere skolering av alle tillitsvalde. Utdanningsforbundet har både ressursar og eit velsmurt skoleringsapparat til å nå ut til alle skolar og dei fleste lærarar i heile landet.

Det nyttar ikkje med ei generell oppfordring om at «dersom du ser noko mistenkeleg, så meld ifrå til rektor». Den som skal stå i det trykket som då kjem, treng solid kunnskap, og det trengst eit kollegium som har den same kunnskapen.

Det trengst ei forståing for det store ubehaget som ein slik mistanke fører med seg, og det trengst kunnskap og strategiar for å takle dette. Vi har mange døme på kor tøft det kan vere for ein enkeltperson å vere ein varslar.

 

"Om Utdanningsforbundet tar på seg å vere den samfunnsmessige varslaren som vi alle no treng, vil det kunne gje kraft og mot til kvar og ein av oss til å sjå og handle."

 

Om Utdanningsforbundet tar på seg å vere den samfunnsmessige varslaren som vi alle no treng, vil det kunne gje kraft og mot til kvar og ein av oss til å sjå og handle.

 

Eg ser for meg at skoleringa må innehalde kunnskap og forsking om fire felt, som i stikkord kan omhandle følgjande:

1. Kunnskap om lovverket som sikrar barn sine rettar. Skoleloven, Straffeloven, Lov om likestilling og Barnekonvensjonen vil mellom anna vere sentrale.

Gjennomgang av straffesaker der overgripar er dømd, kan vere nyttige for å forstå kva som er straffbart i juridisk forstand og kva som må til av dokumentasjon for at ein overgripar skal bli dømd. Kunnskap om meldeplikt og avverjeplikt og korleis gå fram ved mistanke. Politiet og rettsapparatet sin rolle.

Forskingsbasert kunnskap om overgriparane, korleis skal vi kunne sjå faresignal? Korleis vareta varslaren?

 

"Korleis skal vi forstå barna, korleis forstå dei signala som barn sender?"

 

2. Kunnskap om omfang av overgrep, kunnskap om konsekvensar for liv og helse for dei barn som blir utsett for overgrep. Korleis skal vi forstå barna, korleis forstå dei signala som barn sender?

Korleis vareta barn som slit? Korleis bruke Utdanningsforbundet sin etiske plattform og korleis gjere den til eit verktøy for barn sine rettar? Korleis sikre at barna sine behov kjem først?

Analyse av skolen sine rutinar og tiltaksplanar; korleis førebyggje på eigen skole? Pedagogisk utviklingsarbeid for å styrke barn sin sjølvtillit, evne til å sette grensar for eigen integritet, mot til å melde frå om overgrep og kunnskap om barn sine rettar til eit liv utan overgrep og vald.

 

3. Kunnskap om korleis barn sine rettar har utvikla seg over tid. Kunnskap om korleis seksuelle overgrep mot barn og kunnskap om dette, har kome på den politiske dagsorden. Kunnskap om samfunnsmessige, kulturelle og historiske faktorar som gjer det vanskeleg å bli var overgrep.

Kva kjenneteiknar oss som ikkje merkjer, kva skal til for at vi skal bry oss? Korleis delta i den samfunnsmessige debatten og korleis jobbe førebyggjande?

 

4. Kunnskap om hjelpeapparatet, om helsevesenet, politi, med meir. Korleis kan skole og barnehage samarbeide med alle som har ansvar for å førebyggje seksuelle overgrep mot barn?

 

"Utdanningsforbundet har både den gode læraren og overgriparen som sine medlemmer."

 

Det som skil ein overgripar frå den gode lærar, er at den gode læraren, i tillegg til sine faglege kvalitetar, har innebygd ei sperre mot å forgripe seg på barn seksuelt. Den gode læraren veit, intellektuelt og kjensleboren, at han ikkje skal misbruke barn seksuelt, og han er i stand til å handheve denne kunnskapen i sitt møte med barna.

Denne sperra har ikkje overgriparen. Utdanningsforbundet har både den gode læraren og overgriparen som sine medlemmer. Å lage ein handlingsplan med ambisjon om å stanse dei seksuelle overgrepa i skole og barnehage, vil vere eit viktig signal å sende til medlemmene i organisasjonen og til samfunnet elles.

Utdanningsforbundet sine klubbar rundt om på skolane kan stille krav til kommunane om skolering og oppfølging. Med grundig skolering og ein sentral plan frå organisasjonen, kan Utdanningsforbundet bli ein maktfaktor som stiller krav til dei som til sjuande og sist har det overordna ansvaret for at barna er trygge og ikkje blir utsette for overgrep i skole og barnehage.

Ein slik aksjon, forankra i kunnskap, frå Utdanningsforbundet si side, må ha som mål å gjere det umogleg for dei ansvarlege på alle nivå å nedprioritere dette feltet. Trykket frå ein slik aksjon vil måtte kjennast, frå kommune og fylkeskommune, til Storting og regjering.

Tillit er ikkje noko ein har ein gong for alle. Tillit må ein stadig kjempe for og gjere seg fortent til. Lærarstanden og Utdanningsforbundet har ein jobb å gjere.

 

  • Arna Meisfjord er pensjonist og tidlegare rektor ved Høgskolen i Nesna, styremedlem for Stiftelsen Kvinneuniversitetet i Norden.

 

Litteratur:
1) Utdanning 21/2016.
2) Utdanning 1/2017.
3) Thorkildsen, Inga Marte: Du ser det ikke før du tror det. (2015)
4) NOU 2003:31, Retten til et liv uten vold.
5) Hagemann, Gro: Skolefolk. Lærernes historie i Norge. (1992)

Fakta

Dette kronikken er også publisert i Utdanning nr. 6 / 2017

Kjøreregler for debatten

Her kan du kommentere artikkelen.

Utdanning setter pris på friske meningsbrytninger, men vis omtanke for dine med- og motdebattanter, hold deg til saken og bruk fullt navn. Dersom du ønsker å skrive et lengre innlegg, er du velkommen til å sende det til denne adressen: debatt@utdanningsnytt.no.

Hvis du ser kommentarer som du oppfatter som støtende, kan du varsle redaksjonen ved å merke den aktuelle kommentaren som upassende. Det gjør du ved å klikke helt til høyre for kommentaren du vil varsle oss om. (Dette fungerer ikke fra mobil. Vi jobber med en løsning).
Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Kommentarer kan bli brukt på alle Utdannings plattformer.

Fullt navn er en forutsetning for å delta i debatten!

Fakta

Dette kronikken er også publisert i Utdanning nr. 6 / 2017