Annonse
Debatt

– Det vert veldig vanskeleg å diskutere på ein konstruktiv måte når den eine parten påberoper seg eit slags monopol på rett elevsyn. Då risikerer me at stadig fleire lærarstemmer stilnar, skriv Åshild Knutzen. Illustrasjon: Tone Lileng

«Bryr du deg ikkje om elevane dine?»

Det vert vanskeleg å diskutere på ein konstruktiv måte når den eine parten påberoper seg monopol på rett elevsyn.

Del side


Annonse

Utdanningsnytt på Facebook!

Åshild Knutzen er tillitsvald ved Bryne vidaregåande skule.

 

Som tillitsvald hamna eg nyleg i ein diskusjon om organisasjonsmodellar i vidaregåande skule. Eg arbeider på ein stor, kombinert skule med over 300 tilsette og nær 2000 elevar. Organiseringa av denne store flokken er sjølvsagt alltid eit aktuelt spørsmål, og stadig vert det gjort mindre og større justeringar når det gjeld dei ulike avdelingane.

 

Spørsmålet denne gongen var om ein skal organisere fellesfagslærarar i team eller etter fag. Det er ingen tvil om at det er noko å vinne og tape anten ein går for det eine eller det andre alternativet. Då me hadde dette oppe til drøfting i klubben for eit par år sidan, var konklusjonen at me framleis ønskte organisering rundt fag, noko leiinga ved skulen vår respekterte, og som derfor vart den førebelse enden på visa. Det var denne ståstaden eg presenterte for min motdebattant, ein fagperson utanføre eigen skule.

 

«Men bryr du deg ikkje om elevane dine?» var eitt av motspørsmåla eg vart møtt med då eg argumenterte for praksisen på vår skule. Vonleg er svaret openbert: Sjølvsagt bryr eg meg om elevane mine! Sjølvsagt bryr kollegaene mine seg om elevane sine!

 

Det er ikkje første gongen eg har høyrt eller sjølv har fått liknande tilsvar i skulerelaterte debattar. Slik eg ser det, er etterlysinga av mi og mine kollegaers eventuelt manglande omsorg for elevane å sjå på som eit destillat av eit problem som pregar delar av ordskiftet i skulen i dag. I staden for å lytte til motparten sine synspunkt, byrjar ein å stille spørsmål ved elevsynet  til meiningsmotstandarane.

 

Me har mange pågåande debattar i norsk skule. Utan diskusjonar stoppar utviklinga opp, og det er viktig at lærarar deltek i desse. I fleire samanhengar har eg sett at ein etterlyser fleire lærarar i det offentlege ordskiftet. Det vert veldig vanskeleg å diskutere på ein konstruktiv måte når den eine parten påberoper seg eit slags monopol på rett elevsyn. Då risikerer me at stadig fleire lærarstemmer stilnar.

 

 

 

Kjøreregler for debatten

Her kan du kommentere artikkelen.

Utdanning setter pris på friske meningsbrytninger, men vis omtanke for dine med- og motdebattanter, hold deg til saken og bruk fullt navn. Dersom du ønsker å skrive et lengre innlegg, er du velkommen til å sende det til denne adressen: debatt@utdanningsnytt.no.

Hvis du ser kommentarer som du oppfatter som støtende, kan du varsle redaksjonen ved å merke den aktuelle kommentaren som upassende. Det gjør du ved å klikke helt til høyre for kommentaren du vil varsle oss om. (Dette fungerer ikke fra mobil. Vi jobber med en løsning).
Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Kommentarer kan bli brukt på alle Utdannings plattformer.

Fullt navn er en forutsetning for å delta i debatten!